Tilliten til politiet heng ikkje saman med våpen

Unn Alma Skatvold #9

Dag og Tid etterlyser meir kunnskap før Stortinget avgjer om politiet skal vera væpna. I eit tilsvar påpeiker forbundsleiar Unn Alma Skatvold at bevæpning er allereie grundig utgreidd gjennom to offentlege utgreiingar, og at både Politiets tryggingsteneste, Politidirektoratet, politimeistrar, fagforeiningar og politistudentar støttar permanent bevæpning.

Heile tilsvaret, som du finn nedanfor, stod på på trykk i dagens utgave av Dag og Tid.

Sidan førre utgreiing frå november 2022 har politiet vore bevæpna i om lag sju månader til saman. Den tryggingspolitiske situasjonen er òg skjerpa. Mellom anna vurderer Politiets tryggingsteneste det som sannsynleg med sabotasjeaksjonar i Noreg i 2025.

Sidan 2014 har dei vore mellombels væpna i rundt tre år. Desse periodane har gitt meir kunnskap og motbevist mykje av skepsisen – det har ikkje vore meir bruk av våpen i desse periodane. Alvorlege hendingar i nyare tid, som då politiet blei angripne av ein hjullastar i Lavangen, har vist at bevæpning kan spela ei avgjerande rolle når det står om sekund.

OECD si undersøking frå 2024 viser at finsk politi har høgast tillit (87 %), medan norsk politi har 77 % og britisk politi berre 56 %. Låg tillit til britisk politi kjem mellom anna av kritisert politikultur, mindre synleg politi og meir kriminalitet.

Ei norsk undersøking frå 2024 viste at 77 % ikkje har tillit til politiet sine ressursar, 72 % meiner politiet har vorte mindre synleg, og 44 % er bekymra for kriminalitet. Problemet i Noreg er ikkje våpenbruk, men mangel på ressursar, lang sakshandsamingstid og låg synlegheit.

Norsk og finsk politi har høg tillit grunna god utdanning, minst mogleg maktbruk og sjeldan våpenbruk. Norsk politi blir væpna 9 000–10 000 gonger i året, men skot blir berre løyst i ein promille av tilfella. I dei aller fleste oppdrag løyser politiet situasjonen med dialog, klok fremferd og minst mogleg maktbruk.

Hovudutfordringa i Noreg er ikkje om politiet er væpna eller ikkje, men at folk ikkje får hjelp når dei treng det. Straffesaker blir liggjande for lenge, mange blir henlagde, og responstida er ofte for lang – særleg i distrikta.

I Noreg er det for få politifolk ute i lokalsamfunna. Det gjer at mange innbyggjarar ikkje får hjelp når dei treng det, at dei sjeldan er i kontakt med politiet, at førebyggjande arbeid blir nedprioritert, og at responstida kan bli altfor lang. Problemet er ikkje at dei få politifolka som faktisk er der, har våpen – men at det er for få av dei til stades.