Kronikk:

Dei er Noregs uunnverlege

Unio dei uunnverlege samlet v01 org nynorsk

Dei har høg kompetanse og fagkunnskap, og er like viktige for verdiskapinga som verfta og oljen. Dei er uunnverlege for barna våre, for tryggleiken vår, for helsa vår og for framtida vår. Utan dei uunnverlege stoppar Noreg.

Eg snakkar om sjukepleiarane, lærarane, politiet, forskarane og alle andre med høgare utdanning i offentleg sektor. Dei gjer jobbar som samfunnet er heilt avhengig av. Dei er uunnverlege fordi dei med sin høge fagkunnskap pleier eldre og sjuke, gir barn og unge ein god skulegang og tar vare på sikkerheita og tryggleiken i samfunnet. Dei dedikerer seg til forskinga og finn svar på store samfunnsproblem.

Dei tenestene offentleg sektor produserer, er like viktig for verdiskapinga i samfunnet som verfta, oljen og all anna næring. Likevel er det ei sterkt oppfatning at privat sektor skaper verdiane, medan offentleg sektor forbrukar dei. Dette er ei smal oppfatning av verdiskaping, som på sikt kan gjere oss fattigare.

Arbeidsplassane i offentleg sektor har ikkje ei inntektsside på same måte som bedrifter i privat sektor, men er likevel uunnverlege for verdiskapinga i Noreg. Tenestene i offentleg sektor gir bedriftene friskare og meir kompetent arbeidskraft. Koronakrisa er eit godt døme på at det er avgjerande viktig med ein solid offentleg sektor. Der finn vi dei som har stått i første linje i kampen mot viruset, ofte utan smittevernutstyr og med ekstra lange arbeidsdagar. Sjukepleiarane har redda liv. Lærarane i skular og barnehagar har jobba hardt for at barn og elevar får eit forsvarleg tilbod, og sørga for at kvardagen kan fungere så normalt som mogleg i arbeidsliv og familieliv. Politiet har også i pandemien vore ein garantist for tryggleiken vår. Forskarane har gjort det mogleg for samfunnet å handtere pandemien, og å finne ein veg ut av den.

(Kronikken fortsetter under bildet av Ragnhild Lied)

Ragnhild Lied #02

Ragnhild Lied er Unio-leder.

Foto: Unio

Ei av dei største utfordringane til offentleg sektor i dag er å rekruttere og halde på kompetanse. Kva gjer ei bedrift i privat sektor dersom bedrifta treng ein bestemt kompetanse? Jo, dei gjer minst to ting. Dei brukar lønn for å rekruttere og behalda tilsette. Så går dei til politikarene og ber dei sørge for at offentleg sektor utdannar fleire.

Kommunesektorens arbeidsgjevar-monitor frå 2019 viste at det i dag manglar over 5000 sjukepleiarar på landsbasis. Ifølgje SSB manglar 15 og 21 prosent av dei tilsette i lærarstillingar i grunnskulen og vidaregåande skule godkjent lærarutdanning. Vi ser også problem med å rekruttere i akademia, der ein NIFU-rapport frå i fjor viser at mange med doktorgrad kvir seg for ein forskarkarriere. Dette er ei stor utfordring, som også burde uroe dei som er oppteken av verdsskaping i privat sektor.

Eg vil at Noreg skal ha eit berekraftig velferdssamfunn og eit konkurransedyktig arbeidsliv. Sjølv om livet er meir enn lønn, er det grenser for kor stort lønnsgapet frå offentleg til privat sektor kan bli utan at offentleg sektor mister dei beste og rekrutteringa svikter. Når det skjer, taper alle på det. Også det private næringslivet.

Ragnhild Lied
Leiar, Unio