For å øke sikkerheten har vi ny innlogging til Min side via BankID. Les mer >
PF Forsikring: Tekniske problemer med SmartDelay+? Les mer >
Lønnsoppgjøret: Alt om streiken > | Alt om lønnsoppgjøret >
For å øke sikkerheten har vi ny innlogging til Min side via BankID. Les mer >
PF Forsikring: Tekniske problemer med SmartDelay+? Les mer >
Lønnsoppgjøret: Alt om streiken > | Alt om lønnsoppgjøret >
Unio-leiar Ragnhild Lied etterlyser ein mer rettferdig og ansvarleg lønnsutvikling. Bakgrunnen er den galopperande prisveksten og fleire år med reallønnsnedgang for Unios grupper. Tal frå TBU viser at offentleg sektor for tredje år på rad kjem dårleg ut samanlikna med store deler av privat sektor.
– Når frontfagsramma i fjor vart anslått til 3,7 prosent, og vi ser at lønnsveksten for industrifunksjonærar og tilsette innan finans vart 5 prosent, er det tydeleg at mange i privat sektor ikkje forheld seg til den anslåtte frontfagsramma. Samtidig heng lønna til dei med høgare utdanning i offentleg sektor etter, i takt med at bemanningskrisen i stat og kommune aukar, sa Unio-leiar Ragnhild Lied under opningen av Unios inntektspolitiske konferanse.
– Høgt utdanna som er tilsette i kommunane og i staten tener no fleire hundre tusen kroner mindre enn dei som jobbar i industrien med like lang utdanning, sa Lied og viste til følgende døme:
– Dette er uakseptabelt og ikkje det ein kan kalle ei ansvarleg eller rettferdig lønnsutvikling. Samtidig veit vi frå SSB si undersøking før jul at FOR mange har alt for lav eller beint fram negativ avkasting på utdanninga si. Det lønner seg rett og slett ikkje å ta høgre utdanning for mange av våre grupper, sa Lied.
Når det gjeld likelønn for utdanningsgruppene, er det diverre også stillstand. Kvinner med høgare utdanning tener om lag 80 prosent av det menn med tilsvarande utdanning gjer.
– Kvinner er på frammarsj når det gjeld utdanning, men ikkje i lønnsstatistikken. Og vi skriv altså 8. mars 2023. Det er til å skjemmast over, sa Lied.
– Ser vi på lønnsveksten og bonusar til direktørar og leiarar i industrien, og ikkje minst i olje- og gassektoren, så har det sjeldan vore tydelegare at frontfaget berre gjeld for nokre, ikkje for alle. Det er ikkje berekraftig, verken for velferdsstaten eller for den koordinerte lønnsdannelsen, sa Lied.
I fjor på denne tida kravde Unio at frontfagsmodellen måtte praktiserast meir fleksibelt og at det måtte kompenserast for etterslepet. Det fekk LO til å sjå raudt og dei gjekk til harde åtak mot Unio.
– I år har pipa fått ein anna lyd. I år krev LO eit lønnsløft for dei kommunetilsette. Det er bra. Dei er på glid. Viss heile laget skal med, kan vi ikkje akseptere strekk i laget, sa Lied.
Ein viktig premiss for frontfagsmodellen er nemleg at privat og offentlig sektor skal stillast likt i konkurransen om arbeidskrafta. Leverer ikkje modellen på å rekruttere og behalde kvalifisert arbeidskraft som er kritisk for samfunnet, vil frontfagsmodellen forvitra og lønnsforskjellane for høgare utdanningsgrupper mellom offentleg og privat sektor vil auke.
– Når offentleg sektor taper kampen om høgt utdanna arbeidskraft fordi lønna er for lav og belastninga er for stor, er det på tide at både politikarane og arbeidsgjevarane vaknar.
Det er både eit politisk ansvar og eit arbeidsgiveransvar og sørge for og å betale for at vi har nok folk med høg kompetanse til å levere god nok kvalitet på tenestene frå det offentlege. Politikarane set både rammene, krava og måla for tenestene i offentleg sektor. Då må også statsbudsjettet ta høgde for at ein gjennom ein betre og meir rettferdig lønnspolitikk klarar å behalde og rekruttere nok kvalifiserte tilsette.
– På bakgrunn av prisanslaget i TBU, og med dei siste 3 åra friskt i minne, må Unio krevje reallønnvekst i år og det er heilt klart at vi vil krevje ei høgre ramme enn frontfaget, sa Lied.
– Det må til dersom vi ikkje berre skal klare å rekruttere, men også behalde tilsette med høgare utdanning i stat og kommune over heile landet. Og det må til dersom vi skal ha ein koordinert lønnsdannelse med ei ansvarleg og rettferdig lønnsutvikling, avslutta Lied.
Unios årlige inntektspolitiske konferanse gikk av stabelen 8. mars. Tillitsvalgt Julia Krystad ga forsamlingen et innblikk om sin arbeidshverdag i politiet.
Unios forhandlingssjef, Klemet Rønning-Aaby, er opprørt over at offentlig sektor i 2022 tapte lønnsmessig for tredje året på rad i forhold til sammenlignbare grupper i privat sektor.
TBU-tallene viser at lønnsveksten i staten samlet sett var på 4,4 prosent i 2022, men store grupper av statsansatte hadde mye lavere lønnsvekst. – På grunn av høy inflasjon fikk de statsansatte reallønnsnedgang i 2022, og ligger langt bak lønnsveksten i deler av privat sektor, oppsummerer Unio stat-leder Guro Lind.